Kveldstime: Dru yoga - mjukt og roleg

Mandag, 16 september • 18:30 - 20:00
Fysioterapisenteret i Bergen, St. Jakobsplass, Treningssrom
Ingvild Skodvin Prestegård
Ingvild er den første Dru yogainstruktøren i heile Noreg. Ho har undervist i Bergen sidan 2014. Ingvild er spesialist på meistring, legingsprosessar og kroniske tilstandar. For meir informasjon sjå https://www.allmenningen.org/om-oss/

Beskrivelse

Dru yoga er ei blanding av yoga, tai chi og qi gong. Her får du mjuk og var yoga, rolege rørsler og pust som gjer godt i kropp og sinn. Alle yogatimane handlar om å kjenne meistring, og å arbeide med kroppen. Alt skal kjennest godt, heile tida.

Vi får innsikt i anatomi, gjer ei oppvarming, yogasekvensar, rørsler, meditasjon og avslapping. Sjå her for meir info: https://www.allmenningen.org/yoga/

Timane vil gje djup stille og ro, ei kjensle av meistring, generell styrking av kropp, balanse og koordinasjon og avspenning. Dersom du kjem for å arbeide med særskilte tema, til dømes jobbstress eller legingsprosessar, tilrår eg at du kjem på meir enn ein yogatime kvar veke.

Timen høver for alle - du kan låne matte, pute og stol. Ta med drikke, eit pledd til avspenninga og evt. eige yogautstyr.

250kr/212.50kr. student. Betal med kort før timen.